Feeds:
Innlegg
kommentarar

frosk.jpgFolk hadde det fint på Lontjørn i dag, til tross for ein god del bomming og slit. Det var nok ikkje alle som var like glad for at løypelggjaren drog oss opp på Middagsnuten to gonger, men poenget var jo orientering med høg puls. Ungane var mest opptatt av froskar og kosa seg med bading både i gjørma og i vatnet, og det vart ein strålande avslutning på vårsesongen. 

Flott uten flått?

Med meir hjort og rådyr kjem meir flått. Dei (flåtten) kastar seg over deg, særleg i (orre)skog og høgt gammalt gras eller kratt. Det er skremmande sjukdomar ein kan få av det vesle udyret.

Eg har aldri funne flått etter O-løp. Flåtten finst ikkje i fjellet, og lite i innlandet. Er det årsaka, eller spring eg så fort at han ikkje får tid til å hoppa på i fart?

Har andre fått flått i det vanlege o-terrenget vårt?

Øystein K

Månena

På Månena, eit aldri før sett terreng, nærast mytisk frå då søster mi på 60-talet fortalde om klassetur dit, var det spennande orientering i lågfjellet, med korte og lange strekk, spennande vegval mellom bratte røysar eller omveg, tett skog eller omveg på sti. Og litt raskare på A kort enn Rolf-Atle på A lang, må eg sei meg stornøgd med orienteringa. Kanskje det svarar seg å bruka kart og kompass i staden for å tru at ein er kjend?

Men det er eit par ting eg lurer på: Kor kan ein senda bekymringsmelding når Øyvind nesten slår både kåna og ungar? I orientering altså?

Og kan da ve låvvle å endra fasonjen pao åpne område berre føda om ein e gronnaigar?

Flott o-teknisk trening i Hildalsdalen i dag. Ei kort løype med korte strekk og nødvendig å følge med hele veien. Ei lengre for å bruke kompasskurs , og kjenne seg igjen hele veien. Treningen kan anbefales. Bra løyper Erling.

Egne “Post’s”?

Ville bare sjekke at eg klarer å opprette nytt innlegg (ikkje berre svar), slik som Øystein saknar. Det ser jo ut til å gå fint, Øystein. Men dette er jo ein o-blogg, og legg merke til kva denne funkjonen heiter:…POST…..Akkurat Øystein, det gjeld å finne postene.

Eg starta med å ta med to vaksne og fem ungar på den fine nybyrjarløypa. Ungane var kanskje meir opptatt med andre ting enn kart og postar, men det gjekk likevel i greit tempo på stiane. Dei vaksne fekk ei innføring i kartteikn og prøvde å finna ulike detaljar langs løypa, og alle kom vel igjennom. Etter fullført nybyrjarløype var det ut på A-lang – ei flott løype med både o-tekniske og fysiske utfordringar for ein utrent kropp. Med fire løp på fem dagar har eg fått meir trening enn på ein heil månad, og kanskje eg kan bli i litt betre form før O-festival og Sørlandsgalopp.

Her er Odda O-lag sin blogg, der vi ønskjer å få innlegg om det som skjer på treningar, løp og andre ting. Fortel gjerne om opplevingar ute i skogen, bomturar eller ein dag med suksess. Utfordrar herved dei som var på pinseløpet i Kongsberg denne helga. Her var det sikkert ulike erfaringar.

« Nyare postar