Eg veit ikkje kor mange prosent nedgang det har vore på dei lokale løpa i år, men det er sikkert lurt med ei evaluering for å sjå kor vi står. Vi er vel alle einige i at det har vore ein sesong med mykje dårleg ver. Dette må ta litt av skylda for at deltakartalet går nedover. Men kanskje det hadde gått ned uansett?
Vi er mange som er glade i o-sporten, og saman kan vi tenkja ut mange nye og gode tiltak for at vi skal få eit løft igjen allereie neste sesong. Vi er avhengig av rekruttering heile tida for at vi ikkje skal bli færre, og både det sosiale og det sportslege er viktig. Det er ganske mange oppgåver som skal utførast i løpet av ein sesong, men vi er òg mange som kan dela på oppgåvene.
Styret er nok glad for innspel, men styret må òg bli flinkare til å iverksetja tiltak og delegera oppgåver. Det må ikkje bli slik at alt er avhengig av Eivind.
Eg utfordrar herved alle til å koma med innspel. Kva ønskje har de for vinteren? Korleis skal vi få fleire med? Kan kvar familie få med seg minst ein familie til? …
Orientering er kondistreninga til fotballspelaren Daniel. Eg er sjåfør, men sia løpa går uti huttaheiti på fjellet, må eg orientera for å finna fram, og springa for å halda varmen. Då er det like greit å slengja seg med. OG DET ER KJEKT!!! Og sosialt, for eg finn ikkje fram, så då må eg spørja, elle hengja på nåken så kan detta, helst kvinnfolk (så eg har ein sjans. Til å hengja).
Å laga løypa var kjekt og lærerikt, men litt skummelt for det er så mykje å halda styr på. Flott med Rolf Atle som støttekontakt, kanskje ein alltid skulle vera to?
Odda 2-dagars er sosialt, men kunne kanske bli endå meir sosialt (og betre?) med litt felles førebuing.
Rekruttering: Få med ein kompis til ungane! Og så, når du ikkje kan køyra, får du foreldra hans til å køyra. Så blir di me!
Einaste så kan få meg te å slutta med orientering no, e viss Eivind tvingar meg te å springa A lang…