Eg starta med å ta med to vaksne og fem ungar på den fine nybyrjarløypa. Ungane var kanskje meir opptatt med andre ting enn kart og postar, men det gjekk likevel i greit tempo på stiane. Dei vaksne fekk ei innføring i kartteikn og prøvde å finna ulike detaljar langs løypa, og alle kom vel igjennom. Etter fullført nybyrjarløype var det ut på A-lang – ei flott løype med både o-tekniske og fysiske utfordringar for ein utrent kropp. Med fire løp på fem dagar har eg fått meir trening enn på ein heil månad, og kanskje eg kan bli i litt betre form før O-festival og Sørlandsgalopp.
Utrent kropp?!? Du slo tida mi på A kort, 1,1 km kortare enn A lang, med eitt sekund!
Fine løyper, ja, flott terreng, men enkelte hytter har flytta på seg…
Tvilar på at hyttene har flytta seg, men dei har nok formeira seg.
Må halde med Øystein her. Klart hyttene har flytta på seg, viss ikkje ligg postane feil. Forresten er det ein stygg sak når hyttene formeirar seg. I påsken kallast dette “å gå fra hytte til hytte”……
Artig med O-blogg forresten…?